Tung bilberging

Førde Bilberging AS tilbyr til ei kvar tid sine kundar det siste innan bilberging av tungtransport – både med hensyn til rullerande materiell og tekniske hjelpemiddel. Dagens buss- og lastebilkonstruksjoner stiller store krav til bergarane. I tillegg til løpande oppdatering av kunnskap gjennom kurs og intern opplæring, krevst det også jevnleg nyutvikla spesialutstyr som tek hensyn til utviklinga. Dette for å få en kostnadseffektiv og skånsom berging.

På tyngre kjøretøy har vi utstyr til alle typar berging og skadeavgrensing, samt transport. Våre tungbergarar brukast i et stort geografisk område frå fjord til fjell. Vi har 2 tungbergarar og bergingsputer, samt teleskoplastar for lossing og opprydding. Førde Bilberging AS sel kjettingar og har komplette hjul/dekk for dei fleste tyngre kjøretøy på lager.

Også når dei virkeleg store uhella er ute, søker vi i Førde Bilberging å vere ein ryddig og kompetent aktør for alle involverte partar. Der kor liv og helse står på spel, har vi eit vesentlig ansvar, og gjennom kurs og opplæring, har dei fleste av våre tilsette deltatt aktivt i bruk av bergingsbiler for hurtigfrigjering. Våre folk er drilla og opplært for å takle uhell der farleg gods er involvert.

Det overordna ansvar påligg det lokale brannvesenet, men restverdiar på last og kjøretøy må bli ivaretatt, slik at kostnadar for bileiger og forsikringsselskap kan reduserast.

Vegsikring

Vegsikringsbilane er meget godt utstyrt til å bistå små og store oppdrag langs vegen. Bilane har påmontert skap og Buffalo «TMA» pute bak, den er kort og smidig som gjør den lett å manøvrere på trange veger dersom det er nødvendig. Bilen brukast blant anna på veger med hastigheiter på 60 km/t og oppover for å sikre både personell og kunde.