KORT OM HISTORIA
Førde Bilberging AS blei etablert 1. juni 2006.
Vi held til i lokale på Øyrane i Førde.
Bedrifta tilbyr bilberging, redningstenester og veghjelp i Sunnfjord, Sogn og omegn.
I tillegg tilbyr vi båtberging/heving og kranbil for løft og transport.
Avtale med alle forsikringsselskap:
Som utøvar for Falck Redning og NAF Assistanse hadde vi i starten – på lik linje med i dag – avtale med alle forsikringsselskap på tungberging og lettberging.
Dette har heile tida vore eit fortrinn for Førde Bilberging AS. Satsinga på moderne utstyr kombinert med høg grad av service og utdanna personell har resultert i at oppdragsmengda har auka jamnt sidan starten. Hausten 2010 vart me i tillegg utøvar for Viking Redningstjeneste. I dag etter åra med innkøyring og opparbeiding av arbeidsmengd kan vi tillate oss å sei at vi no er den leiande aktøren på bilberging i Sogn og Fjordane. I tillegg er vi no representant for SOS International, etter at dei kjøpte seg inn i NAF Veihjelp hausten 2014.
Vi har i dag samarbeid med:
- Falck Redning AS
- Viking Redningsteneste AS
- NAF Veihjelp AS
- SOS International AS
- Politiet og andre nødetatar
Redningsbilar og utstyr:
Våre køyretøy er av det siste innan moderne utstyr for bilberging og fordelt/dimensjonert slik at me dekkjer alt frå dei minste køyretøy i parkeringshus, til dei største tungbiljobbane:
- Izusu lettberger/garasjeberger.
- Vw Transporter Servicebil.
- Planbilar i ulik tonnasje.
- Scania P310 – stor planbil.
- MB Atego 16t 4×4 mellombergar.
- Volvo FH tungbergar.
- Scania R730 tungbergar.
- Scania G490 kranbil m/ hiab 42 t/m med boggikjerre.
- Scania R560 trekkvogn/bufferbil.
- Jumbo luftputehengar.
- Mottaksputesett.
- Genie Teleskoptruck.
Bedrifta har i dag 5 faste tilsette og i tillegg 2 tilsette på deltid.
Tilsette har fagbrev som bilmekanikarar eller avgjerande erfaring innan bilfag og bilberging.
Målet vårt er å reparere mest mogleg av havaristane på staden.
Dersom dette ikkje let seg gjere fraktar vi køyretøyet til næraste verkstad eller avtalt stad. Dette blir avtalt i dialog med kunden og evt forsikringsselskap.