Om Oss

Om Førde Bilberging AS

Førde Bilberging AS held til i Førde og tilbyr bergingsbil, redningstjeneste og veihjelp for Falck, Viking, NAF og SOS i Sunnfjord og omegn.

Førde Bilberging AS blei etablert 1. juni 2006 av dagleg leiar Arild Tistel.
Han kom til Førde i 2002 som avdelingsleiar for Vik Bil AS.
Her jobba han i mange år på verkstaden som mekanikar, service- og bergingsmann på lette og tunge køyretøy og maskiner av alle slag i alle storleikar.
Etter 4 år i Førde fekk Arild Tistel tilbod om å kjøpe og overta Vik Bil AS si avdeling i Førde og Førde Bilberging AS vart stifta.
Sidan starten har han opparbeidt selskapet frå botn og eig i dag selskapet gjennom Tistel Holding AS.
I 2011 flytta Førde Bilberging AS frå Halbrendslia til nye lokale på Øyrane. Selskapet tilbyr bergingsbil, redningstjeneste og veihjelp i Sunnfjord og omegn.

Sjå alle våre tenester.

 

Avtale med alle forsikringsselskap:

Som utøvar for Falck Redning og NAF Assistanse hadde vi i starten – på lik linje med i dag – avtale med alle forsikringsselskap på tungberging og lettberging.
Dette har heile tida vore eit fortrinn for Førde Bilberging AS. Satsinga på moderne utstyr kombinert med høg grad av service og utdanna personell har resultert i at oppdragsmengda har auka jamnt sidan starten. Hausten 2010 vart me i tillegg utøvar for Viking Redningstjeneste. I dag etter åra med innkøyring og opparbeiding av arbeidsmengd kan vi tillate oss å sei at vi no er den leiande aktøren på bilberging i Sogn og Fjordane. I tillegg er vi no representant for SOS International, etter at dei kjøpte seg inn i NAF Veihjelp hausten 2014.

 

Vi har i dag samarbeid med:

  • Falck Redning AS
  • Viking Redningsteneste AS
  • NAF Veihjelp AS
  • SOS International AS

 

Tilsette i Førde Bilberging:

Bedrifta har i dag 5 faste tilsette og i tillegg 2 tilsette på deltid.
Tilsette har fagbrev som bilmekanikarar eller avgjerande erfaring innan bilfag og bilberging.

Målet vårt er å reparere mest mogleg av havaristane på staden.
Dersom dette ikkje let seg gjere fraktar vi køyretøyet til næraste verkstad eller avtalt stad.
Dette blir avtalt i dialog med kunden og evt forsikringsselskap.

Arild Tistel

Redningsbilar og utstyr:

Våre køyretøy er av det siste innan moderne utstyr for bilberging og fordelt/dimensjonert slik at me dekkjer alt frå dei minste køyretøy i parkeringshus, til dei største tungbiljobbane:

  • Izusu lettberger/garasjeberger
  • Vw Transporter Servicebil
  • MAN 12.220 planbil for berging og transport
  • Scania P310 Stor planbil for berging og transport
  • Volvo FH Stor planbil for berging og transport
  • MB Atego 4×4 mellombergar
  • Volvo FH Tungbergar
  • Jumbo luftputehengar
  • Mottaksputesett
  • Genie Teleskoptruck

 

SOS International